Hopp til innhold

Stor aktivitet på Bondalseidet!

Det vart ein «kjempe kjekke» Sparebank1 - skirennkveld på Bondalseidet. 165 barn deltok, og i lag med foreldre, vart det langt over 300 på langrennski tysdagskvelden. Skisenteret hadde preppa fint for oss, og langrennstadion med løypene omkring, var base for alle aktivitetar. Det var stor innsats i løyper og bakkar. "Aldri har så mange gått så langt på 1 til 1,5 time på Bondalseidet Langrenstadion". 165 barn + minst 165 vaksne = 330 x 3 km pr. person = 1000 km. Foto: Hovdebygda IL

Alle fekk tilbod om korte og litt lenger runder i lysløypa.  Skileikområdet med hopp og

svingar låg klart når deltakarane kom til langrennstadion.  Alle frå om lag 8 år,  fekk tilbod om  langrennstrening med instruktør.

Det vart oppfyrt bålpanne ved gapahuken,  og fengjande musikk med innlagt heiing  og korte intervju frå speaker ved mål.

Neste gong vert det også organisert start ved startklokka og tidtaking. Når det gjeld tidtaking vert barneidrettsreglane følgde. 

Det er berre å velje i aktivitetar.

Etter ein aktiv time,  eller meir enn det, var det veldig mange som tok kveldsmaten ved bålpanna.    

Det skal arrangerast 6 renn totalt i vinter. Premieutdeling på siste rennet. Nytt skirenn neste tysdag.

NIF-EPI01, 01