
SBM Cup og KM Langrenn
Svært kjekt å vere TD (teknisk delegert) på sonerenn og KM fristil i Valldal i dag, seier Merete L. Rønneberg frå Eidsdal IL. Ein komplett skidag med langrennscross, runderenn og normaldistansar fristil (KM-delen av arrangementet). Flott med så god deltaking, stor aktivitet, flotte løyper og dyktige arrangørar!
Berre å oppmode endå fleire til å bli med på skirenn rundt om i krinsen. -Og til klubbane: Sterk oppmoding om å kombinere lågterskelarrangement med krinsrenn, og oppmode folk om å delta. Dess fleire vi blir, dess kjekkare er det, og det er knallviktig å tilpasse for å få med løparar på alle nivå og i alle aldersklassar.