Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund.

Morgondagens arrangement

Det nærmar seg vinter og nye arrangement i skigruppene. Korleis kan ein gjere dagens arrangement enno meir attraktive?

Sogn og Fjordane Skikrins inviterar skigruppene til sonemøte i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i november 2018.

Gjennom ein inspirerande og involverande work-shop går vi inn i eit eksisterande eller ønskja arrangement i klubben. Nøkkelord i denne prosessen er motivasjon, ferdigheitsutvikling, høg aktivitet, variasjon og glede.

I tillegg presenterar vi god dømer og tiltak frå Skiforbundet sin fagportal, og det blir lagt opp til diskusjonar og erfaringsutveksling på tvers av skigruppene.

Møta er opne for tillitsvalte, trenarar, føresette, frivillige og alle andre skiinteressert i skigruppene og dei greinspesifikke gruppene. Ta gjerne med aktive og unge frivillige på møta.

Dette blir ein spennande kveld der vi saman lagar morgondagens arrangement!

SONEMØTE NORDFJORD 12. november 2018

SONEMØTE SOGN 19. november 2018

SONEMØTE SUNNFJORD 26. NOVEMBER 2018 (flytta frå 05. november)

Visjonen i norsk skiidrett er «Mange, gode og glade skiløparar», og målet er å leggje til rette for flest mogleg, lengst mogleg og best mogleg. Utøvaren skal vere i sentrum og aktiviteten skal leggast til rette med eit langsiktig utviklingsperspektiv. Skiforbundet sin utviklingsmodell dannar grunnlaget for dette.

På sonemøta i mars 2018 var målet å bli kjent med Skiforbundet sin utviklingsmodell og lære korleis ein kan jobbe med konkrete verktøy for å utvikle eiga skigruppe.

NIF-EPI02, 02