TD- og arrangørkurs Langrenn avlyst
På grunn av liten respons og lite påmelding må vi dessverre avlyse TD- og arrangørkurs i langrenn onsdag 05. desember på Skei.
Tidspunkt:
Onsdag 05. desember 2018, kl. 18.00-21.00
Stad:
Skei, Thon Jølster Hotell
Målgruppe:
- Oppnemnte TD’ar for sesongen 2018-2019
- Framtidige TD’ar
- Rennleiarar, klubbleiarar, trenarar og andre ski-interesserte
Informasjon om kurset:
På kurset vil ein fokusere på dei mest sentrale oppgåvene for arrangørar og TD’ar:
- Regelverk
- Situasjonar
- Tips og råd
- Aktuelle tema
Elles vil utveksling av erfaringar og drøfting av aktuelle problemstillingar stå sentralt i kurset.
For nye TD’ar er TD-kurset delt i to. Del 1 i opplæringa er teori v/ Thon Jølster Hotell denne kvelden. Del 2, den praktiske delen, vil bli avslutta med rapportskriving etter gjennomført TD-oppdrag vinteren 2019.
Kurslærar: Asgeir Moberg, arrangementsjef langrenn Norges Skiforbund
Langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins oppmodar alle arrangørar av skirenn å stille med rennleiar eller annan person frå rennkomiteen på kurset.
Frist for påmelding er søndag 02. desember 2018.