Hopp til innhold

Sonemøte

Sogn og Fjordane Skikrins inviterar skigruppene til sonemøte i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i mars 2018. Deltakarliste for sonemøte Sunnfjord er oppdatert pr. 16.03.2018.

Visjonen i norsk skiidrett er «Mange, gode og glade skiløparar», og målet er å leggje til rette for flest mogleg, lengst mogleg og best mogleg. Utøvaren skal vere i sentrum og aktiviteten skal leggast til rette med eit langsiktig utviklingsperspektiv.

Målet med sonemøta er å bli kjent med Skiforbundet sin utviklingsmodell og lære korleis ein kan jobbe med konkrete verktøy for å utvikle eiga skigruppe. Her blir skigruppene bevisst på status og einige om konkrete handlingar og tiltak – både for seg sjølv og i samarbeid med andre skigrupper.

Møta er opne for tillitsvalte, trenarar, føresette og andre skiinteressert i skigruppene.

Sonemøte Sogn 5. mars 2018

Sonemøte Nordfjord 12. mars 2018

Sonemøte Sunnfjord 19. mars 2018

NIF-EPI03, 03