Hopp til innhold

Bilete frå jentesamling på Langeland i 2017.

Jentesamling Langeland

Laurdag 20. oktober inviterar Førde IL Langrenn i samarbeid med skikrinsen til Jentesamling ved Langeland Skisenter.

Samlinga er open for alle jenter fødd 2003-2006.

Trenarar vil vere Inga Kårstad Skaar, Ane Brekke og Renate Pollen.

Førebels program:
Kl. 09.30: Oppmøte Langeland skisenter
Kl. 09.45 – 11.45: Første treningsøkt
Kl. 12.00 – 12.30: Lunsj i skihytta
Kl. 12.30 – 14.30: Pause/sosialt samvær og aktivitetar
Kl. 14.30 – 16.30: Andre treningsøkt

Utstyr:
Det du treng for å gå på rulleski (ski, skisko, stavar, hjelm og hanskar)
Joggesko og klede etter værforhold.
Skifteklede.

Dersom ein treng låne rulleski gjev ein beskjed om dette i påmeldinga.

Samlinga er gratis – Førde IL Langrenn spanderer lunsj.

Påmelding innan torsdag 18. oktober til ingrid.narum@skiforbundet.no

NIF-EPI02, 02