Mårstøl med siger på Bjorli
Andrine Englund Mårstøl var best av alle i dag og tok sigeren i FIS-rennet i slalåm på Bjorli. Og neste helg blir det europacup.
Haugen-løparen leia etter 1. omgang, og med ein solid 2. omgang var sesongens første FIS-siger i boks.
No ventar europacup for Mårstøl med renn i Trysil, Funäsdalen og Kvitfjell.
Andreas Strand (Jølster IL) var med i teten begge dagar under slalåmrenna, men juryavgjerd gjorde at han ikkje fekk teljande resultat i 2. omgang.
Strand køyrde inn til ein 9. plass under torsdagens storslalåmrenn.
Det vart også fine resultat for fleire av FIS-løparane frå Sogn og Fjordane under helgas sesongstart.