Toppidrettsutøvarar
Informasjon om tilbod for potensielle toppidrettsutøvarar ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.
For utøvarar som satsar på sin idrett, og er i eller skal søke vidaregåande opplæring i fylket, har fylkeskommunen to aktuelle tilbod:
- Spissa idrettstilbod (fotball og volleyball)
- Ordning for potensielle toppidrettsutøvarar (utanom fotball og volleyball)
Her bør utøvar/klubb/særidrett opprette dialog med aktuell vgs. om korleis det best mogleg kan leggast til rette for utøvaren i kombinasjon med vidaregåande opplæring.
Søknadsfrist 01. mars 2019.