Medaljar i junior-NM
Tvillingane Andrea og Eirin Fiskaa Haugen tok sølv og bronse i junior-NM i telemark laurdag.
Det vart eit tett race mellom tvillingsøstrene frå Luster Telemarkklubb, der det til slutt berre skilte sju tidel i sprinten under meisterskapet i Asker.
Også Sara Felde Liljedal frå Syril IL gjorde ein god konkurranse og enda til slutt på ein 4. plass.