Bli med på økt med krinslaget
Laurdag 1. februar inviterer skikrinsen til ei inspirerande treningsøkt med krinslagstrenarane i langrenn for utøvarar i alderen 12-16 år i Sogndal Skisenter, Hodlekve.
Treningsøkta blir i etterkant av Sogn og Fjordane-leikane, og er for jenter og gutar f. 2004-2008.
På økta dukkar det også opp krinslagsløparar…
Tidspunkt:
Laurdag 1. februar 2020, ca. kl. 14.00-16.30
Stad:
Sogndal Skisenter - Hodlekve
Trenarar:
Roger Pollen, Simen Bækken og Elise Skeide Bakke
Oppmøte:
Utanfor Dalalåven i Rindabotn (punkt 2 på kartet, Kart Sogndal Skisenter), i etterkant av Sogn og Fjordane-leikane.
Ta med ski for friteknikk, og klesskifte til pizza etter økta.
Felles avslutning:
Det blir pizza for alle i Dalalåven (Rindabotn) etter økta, ca. kl. 17.00.
(dei med matallergi melder dette inn til ingrid.narum@skiforbundet.no)
Trening og pizza er gratis for alle som melder seg på.
Påmelding innan onsdag 29. januar via Min idrett.