Hopp til innhold

SSF Cup Ullsrennet 2020

Både SSF Cup Ullsrennet laurdag 4. januar og Ullsrennet Sprint søndag 5. januar vert avvikla som planlagt. Informasjon er oppdatert 04.01.2020 kl. 17.30.

Slik blir sprintrennet søndag 5. januar gjennomført:

11 år og eldre: Prolog start kl. 12.00
Alle går tre rundar i heat.

Distanserenn 600 meter 10 år og yngre: Start ca. kl.12.20

Heat:
6 stk i kvart heat, ikkje tidtaking i 1. runde
Sortering av heat: 1. runde blir sortert etter prologtid, uavhengig av alder og kjønn
Startlista for heat i runde 2 og 3 kjem fortløpande.
Plassering 1 og 2 blir flytta opp medan plassering 5 og 6 vert flytta ned i neste runde.
Resultatliste klassevis etter total poengsum etter tre heat, rangert frå lågast til høgast.

Oppdatering 04.01.2020 kl. 14.30:
Ullsrennet Sprint søndag går som planlagt. 
Arrangøren ber om at ein melder seg på så snart som råd og helst innan kl. 15.30 laurdag.

Løyperapport 04.01.2020 kl. 08.00:
Det har komme ca. 25 cm snø i natt og det er litt rolegare med vind i løypene. Temperaturen er -3 grader. Litt snøbyger inni mellom.

Oppdatering 03.01.2020 kl. 20.20:
SSF Cup Ullsrennet laurdag vert gjennomført som planlagt.
Førerapport vert oppdatert laurdag 04.01.2020 kl. 08.00 på www.skikrinsen.no.

Avvikling av Ullsrennet Sprint søndag vert det tatt avgjersle laurdag om vert gjennomført som planlagt eller at ein avviklar det i ei anna form. Påmeldingsfristen til dette rennet er utvida til laurdag 04.01.2020.

Oppdatering 02.01.2020:
Renna blir avvikla som planlagt med forbehald om at ein får snø natt laurdag. Ny oppdatering fredag 03.01.2020.
Frist for påmelding er fredag 3. januar for begge arrangementa. 100 % refusjon ved evt. avlysing.

Oppdatering 30.12.2019:
Pr. i dag er det ikkje forhold til å avvikle Ullsrenna kommande helga, men værmeldingane melder snø nærmare helga. Ein avventar difor avgjersle for gjennomføring av arrangementa til seinare i veka. Påmelding til renna er inntil vidare lukka.
Informasjon vert oppdatert på www.skikrinsen.no.

SSF Cup Ullsrennet laurdag går i klassisk stil og inngår i SSF Cup for rekruttar (11-16 år).

SSF CUP ULLSRENNET 2020 - INNBYDING og påmelding

Søndag vert det sprint i friteknikk med prolog og 3 heat for alle frå 11 år og eldre. Sjå innbyding for meir informasjon.

Ullsrennet Sprint - innbyding og påmelding

Minner også om påmelding til Jentesamling på Ullsheim 4.-5. januar. Samlinga vert gjennomført som planlagt.

nif-epi04, 04