Hopp til innhold

Enivest Skiskule - avlyst

Som følgje av den lokale- og regionale utviklinga i høve til smittespreiing, har Gjøran Tefre, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins og Førde IL, valt å avlyse årets versjon av Enivest Skiskule.

Ein vurderer smitterisikoen som liten, men likevel er det ein risiko i høve til smittespreiing som vi ikkje er villig til å ta. Dette som følgje av at målgruppa for skiskulen er utøvarar i ung alder, noko som kan gjere det ekstra utfordrande å ivareta sikkerheita til utøvarane. Avgjersla er såleis i tråd med Norges Skiforbund sine retningslinjer i høve til denne type arrangement.

- Dette er ei tung avgjersle, men slik situasjonen har utvikla seg siste døgnet har vi ikkje anna alternativ enn å avlyse. Som arrangør er eg oppteken av at vi skal opptre ansvarleg, og at vi skal kunne garantere for utøvarane si sikkerheit. Eg er svært lei meg, og eg tenkjer spesielt på alle utøvarane som har sett fram til skiskulen, og som no vert skuffa. Denne situasjonen skulle vi vore forutan, men på den andre sida er eg heilt sikker på at vi kjem sterkare tilbake, og det er i alle fall ein ting som er sikkert. Vi trøkker til att til neste år, og då håpar eg inderleg at samfunnet er tilbake i ein normal situasjon, seier Gjøran Tefre.

Helsing
Gjøran Tefre, Førde IL Langrenn og Sogn og Fjordane Skikrins

Informasjon er også sendt påmeldte deltakarar og føresette pr. e-post 08.10.2020.

Rulleskirennet på Langeland søndag 11. oktober går som planlagt, der Førde IL Langrenn gjer fortløpande vurdering for gjennomføring.

NIF-EPI01, 01