Utedagen 2021
Sogn og Fjordane Skikrins vidarefører prosjektet Utedagen kommande vinter.
Utedagen eit konsept utarbeida av skikrinsen lagt til rette for bruk i skule med fokus på fysisk aktivitet vinterstid.
Prosjektet vart utarbeid etter at prosjektet Ski i Skulen vart avslutta vinteren 2018.
Skikrinsen har invitert grunnskulane i Sogn og Fjordane til deltaking i Utedagen 2021. Invitasjon er sendt i veke 45.
Kort om prosjektet
Gjennom Utedagen legg ein til rette for leik og fysisk aktivitet på ski i samband med skulane sine skidagar. Elevane får erfare fysiske aktivitetar som er prega av leik og høg grad av aktivitet. Med våre instruktørar introduserer vi spennande øvingar og aktivitetar på ski.
Økonomi
Gjennom prosjektet dekkjer skikrinsen opplæring av instruktørar, samt reise og lønn til instruktørane som har ansvar for opplegget ved kvar enkelt skule. Instruktørar vert rekruttert frå det lokale idrettslaget eller skikrinsen.
Transport av elevar og lærarar til skianlegget der skidagen skal føregå må skulen sjølv dekkje.
Vidare legg ein til rette for ei praktisk fagøkt på ski for kroppsøvingslærarar og andre aktuelle lærarar i grunnskulen i Sogn og Fjordane, samt aktuelle instruktørar i idrettslaga. Dette tilbodet er kostnadsfritt for alle som vil delta.
Informasjon vi ein her: Praktisk fagøkt på ski
Prosjekteigar
Det er Sogn og Fjordane Skikrins som eig prosjektet, men Vestland fylkeskommune er ein viktig økonomisk bidragsytar.
Føremål og målsetjing
Skikrinsen sitt føremål med prosjektet er å skape meir fysisk aktivitet i skuledagen vinterstid, med fokus på positive opplevingar, skiglede og dugleik. I tillegg håpar ein at det kan skape meir aktivitet vinterstid hjå den enkelte elev og i elevane sine familiar.
For skikrinsen er det spesielt viktig at prosjektet vert gjennomført i grunnskulen, som gjev tilbodet til alle elevane uavhengig av foreldra/føresette sin sosioøkonomiske status.
Målsetjing med prosjektet;
- skape ei god skiopplæring i grunnskulen, der skiglede i snø er eit sentralt moment
- bidra til auka fysisk aktivitet blant born og ungdom gjennom aktivitet vinterstid
Organisering og gjennomføring
Alle grunnskular i Sogn og Fjordane får tilbod om deltaking i 2021 med atterhald om at det lokale idrettslaget eller skikrinsen har tilgjengeleg instruktørar til skulen sin skidag.
Utedagen blir gjennomført i samband med skulane sine skidagar i perioden januar-mars. Det er primært tilpassa 4.-5. klasse, men kan gjennomførast også i andre klassetrinn. Opplegget i dei ulike skulane er ikkje likt, men tilpassa behovet i den einskilde skule.
Evt. spørsmål kring prosjektet kan rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins Ingrid Narum (tlf. nr. 92 60 14 21).