
SPV AlpinCup Harpefossen
Søndag 7. mars inviterer Haugen IL til SPV AlpinCup i slalåm i Harpefossen Skisenter.
Merk! Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
Arrangøren må som alle andre ta atterhald om at det kan komme endringar på kort varsel. Informasjon vert oppdatert på skikrinsen sine nettsider.
PÅMELDING - INFO Påmeldingsfrist er fredag 5. mars kl. 23.59.
- Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar frå 20 år og yngre. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
- Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett (eller direkte til arrangør). Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".
Smittevern:
Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:
- Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
- Hugs god hand- og hostehygiene
- Hald minst 1 meters avstand
- Alle må registrere seg ved ankomst arena
Kvalikk. reglar HL/LF:
Vedtak i alpinkomiteen, 14.02.2021: Vi har allereie mista mange kvalifiseringsrenn, og det er framleis usikkert når vi kjem i gang og i kva omfang. Difor vel AK å gå bort frå gjeldande skisserte opplegg for teljande kvalifiseringsrenn i kvar disiplin. Heretter vil alle gjennomførte krinsrenn i dei ulike disiplinane danne grunnlag for pulje. Trenarane i krinsen skal godkjenne poengsummar og pulje i kvar disiplin, og evt. nytte skjønn som tidlegare.