
SSF KM Friteknikk
Søndag 14. mars kl. 13.00 inviterer Sogndal IL til SSF KM Friteknikk i Sogndal Skisenter - Hodlekve. Informasjon er oppdatert 13.03.2021.
Grunna rådande forhold ved Tua skianlegg vert SSF KM Friteknikk flytta til Sogndal Skisenter - Hodlekve.
Rennet vert avvikla som krinsmeisterskap for 13 år og eldre (opp t.o.m juniorklasse) og krinsrenn for 12 år og yngre, og kan bli teljande i SSF Cupen dersom ein ikkje får avvikla dei siste renna i SSF Cup 2021.
Innbyding Merk rennstart kl. 13.00.
løypekart Merk at 10 km = 9 km og 15 km = 13 km.
PÅMELDING - INFO. Påmeldingsfrist er fredag 12. mars kl. 23.59.
- Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar i juniorklassane og yngre årsklassar. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
- Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".
Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern. Ved spørsmål ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins v/adm.sjef. Ingrid Narum, tlf. 92 60 14 21.
Arrangør vil gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at ein kan arrangere rennet er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.
- Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
- Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
- Alle skal halde avstand – hugs regelen om minst 1 meter avstand.
- Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i skihytta eller arenabygget.
- Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg med bruk av NIF sin qrona-app (https://qrona.nif.no/login-or-checkin) på brua ved ankomst langrennsstadion.