
Bilhuset Førde KM SG/SC, Jølster
Laurdag 17. april inviterer Jølster IL til Bilhuset Førde KM i super-G og super-kombinasjon i Jølster Skisenter.
PÅMELDING - INFO. Påmeldingsfrist er torsdag 15. april kl. 23.59.
Alle må merke seg følgjande:
- Rennet er kun ope for utøvarar som er 20 år eller yngre innanfor same skikrins/idrettskrins. Jf. gjeldande smitteverntiltak for skiidretten i Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
- F.o.m. 16. april 2021 kan arrangement utandørs gjennomførast med inntil 200 personar til stades. Jf. gjeldande nasjonale smittevernreglar.
- Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".
Smittevern:
Arrangør, klubbar og utøvarar/føresette skal alltid forhalde seg til nasjonale og lokale reglar og retningslinjer for smittevern.
Alle som møter på rennet skal følgje dei generelle smittevernråda som gjeld i samfunnet:
- Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
- Hugs god hand- og hostehygiene
- Hald minst 1 meters avstand
- Alle må registrere seg ved ankomst arena