Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane
I forbindelse med Haustmøte til Skikrinsen, vart langrennskomiteen overraska med ei gåve på kr. 50 000,-. Gåva er gitt for vidare utvikling av langrennssporten i Skikrinsen.
Det var i forbindelse med Haustmøte til Skikrinsen på Sandane, laurdag 5. november, Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, var til stades for å tildele gåva på kr. 50 000,-. Det var ei gledeleg overasking for leiar i langrennskomiteen, Tor Arne Hov, som tok i mot gåva.
Langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins takkar for gåva og det gode samarbeidet ein har med Sparebanken.