Haustmøte 2022
Laurdag 5. november vart Haustmøta til Skikrinsen gjennomført ved Idrettens Møteplass på Sandane.
Både alpinkomiteen, hopp- og kombinertkomiteen, og langrennskomiteen gjennomførte sine Haustmøter på Sandane 5. november. I tillegg vart det halde felles foredrag med Nils Erik Ulset og Mathias Lilleheim, og treningssamling for ungdom med basistrening og trening turnhallen ved Trivselshallen.
Presentasjonar frå fellesdelen til Skikrinsen, Fagmøte alpint, og fagmøte langrenn:
Presentasjon Fagmøte Alpint (pdf)
Presentasjon/ informasjonsskriv Fagmøte Langrenn (pdf)
Referat frå møta blir lagt ut fortløpande når desse er godkjende.
Sjå også:
Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane
Frå tidlegare:
Sogn og Fjordane Skikrins inviterer klubbane til Haustmøtet 2022. Etter fleire sesongar med koronarestriksjonar ser vi no fram mot ein «normal» sesong, og håpar mange ønskjer å møte fysisk og planlegge skisesongen med oss.
Tidspunkt: | Laurdag 5. november |
Stad: | Sandane – Trivselshagen/ -hallen |
For kven: | Engasjerte personar i klubbane, tillitsvalde i skikrinsen og alle andre skiinteresserte |
Treningssamling: | Det blir også i år treningssamling for ungdommar på tvers av idrettar (12-19 år) |
Treningssamling for ungdom 12-19 år
Førebels rammeprogram:
Kl. 10.00-12.00:
Felles foredrag v/ Idrettskretsen (Nils Erik Ulset, og Mathias Lilleheim)
kl. 12.00-13.00:
Servering av lunsj
kl. 13.00-13.30:
Fellesdel Sogn og Fjordane Skikrins
kl. 13.30-16.00:
Fagmøte Alpint: Innbyding med sakliste
Fagmøte Hopp- og Kombinert: Innbyding med sakliste
Fagmøte Langrenn: Innbyding med sakliste
*Sakliste til fagmøta blir sendt ut i framkant.
Påmelding Haustmøtet 2022 (påmeldingsfrist er 30. oktober)
Meir informasjon frå Idrettskretsen: