SPV Alpincup
Det blir dessverre ikkje SPV alpinrenn søndag 19. februar. For dei som ønskjer legg Sogndal Alpin opp til ein treningsdag i Hodlekve.
Det vart dessverre for krevjande å få på plass ny arrangør til alpinrenn søndag 19. februar. Men Sogndal Alpin inviterer til treningssamling søndag 19. februar, løype står klar frå kl. 11:00.
Frå tidlegare:
Førde Alpin ønskjer velkommen til slalåmrenn og storslalåmrenn i Blomlia søndag 19. februar. I tillegg blir det barnerenn for dei yngste i barnetrekket kl. 12:00.
Førebels program søndag 19. februar (sjå innbyding for detaljert tidsplan):
Kl. 10:00 | Storslalåm |
Kl. 12:00 | Barnerenn for dei yngste |
Kl. 14:00 | Slalåm |
Det blir barnerenn i barnetrekket med mykje skileik og premiering til alle! Påmelding til barnerennet gjer ein ved oppmøte i varmestova same dagen.