NM Alpint Trysil 2023
Andrine Mårstøl med imponerande køyring i Trysil og tek NM sølv i både storslalåm og slalåm.
Alpinisten frå Haugen Alpin har hatt ein fantastisk sesong, og imponerar nok ein gong med gode resultat. Tek med seg sølv i NM slalåm laurdag 25. mars, og sølv i NM storslalåm søndag 26. mars.
Tidlegare i veka vart fartskonkurransane avlyst.
Desse utøvarane frå Skikrinsen deltok:
Namn | Klubb | Klasse |
Andrine Mårstøl | Haugen IL | Kvinner A |
Oskar Ellingsund | Jølster IL | Menn A |
Elias Helle Felde | Breimsbygda IL | Menn A |
Sindre Sætren Myklebust | Sogndal IL | Menn A |
Jørgen Aarøen Taklo | Jølster IL | Menn A |
Frå venstre: Andrine Mårstøl, The Louise Stjernesund, og Bianca Bakke Westhoff. Foto: Claes-Tommy Herland, Norges Skiforbund (NTB)