
FIS liste langrenn 2023-2024
Frist for inn- og utmelding av FIS-lista 2023/2024 er 15. september 2023. Nytt for denne sesongen er at årleg avgift for FIS-lisens fakturerast i framkant av sesongen, etter innmelding/utmelding. Årleg avgift for aktiv FIS-kode er kr. 550,-.
INNMELDING FIS-LISTE
Utøvarar som skal starte i FIS-renn (norgescup, NM og internasjonale renn) er pålagt å ha FIS-lisens frå junioralder. Utøvarar som skal registrere seg med FIS-lisens må fylle ut Athletes Declaration skjema og sende til sognogfjordane@skiforbundet.no, innan 15. september.
UTMELDING FIS-LISTE
Vi ber om at utøvar og klubbar gir tilbakemelding på evt. strykningar innan 15. september.
Meir informasjon rundt FIS-kode og FIS-lisens finn ein her.
Har eg aktiv FIS-lisens?
Oversikt FIS liste alle løparar Sogn og Fjordane Skikrins 2022-2023 (oppdatert pr. 29. september)
NB! Alle FIS-løparar må også huske å betale skilisens (skiforsikring). Årslisens for kvar sesong varar frå 1. oktober til 30. september, og gjeld frå betalingsdato.