FIS-registrering Alpint
Frist for inn-/ utmelding av FIS-lista alpint til sesongen 2023-2024 er onsdag 27. september 2023.
UTMELDING - FRIST 27. SEPTEMBER 2023
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane føregåande sesong (2022-2023).
Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista kommande sesong (2023-2024) gjev tilbakemelding per e-post til; kennet.dvergedal@skiforbundet.no innan 27. sept.
FIS-LISTE SOGN OG FJORDANE 2022-2023 (oppdatert pr 07. august)
INNMELDING - FRIST 27. SEPTEMBER 2023
Nye utøvarar (f. 2007) som skal delta i FIS-renn kommande sesong (2023-2024) skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).
NB! Ein må ha underteikna AD-skjema for å kunne stille til start i FIS-renn.
Skjemaet sender ein per e-post til; kennet.dvergedal@skiforbundet.no
AD-skjema underteiknar ein kun enn gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.
Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.
Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.
FIS-lisensen er kr. 600,- pr. utøvar pr. sesong.
Evt. spørsmål kring FIS- registrering rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Kennet Dvergedal, tlf. 406 36 964