Hopp til innhold

Illustrasjonsbilete

Grasrottrenarkurs langrenn

Ønskjer du inspirasjon til å drive skiaktivitet for born og unge? Bli med på Skikrinsen sine grasrottrenarkurs for langrenn! 22. januar på Langeland Skisenter, og 24. januar på Kleivane Skisenter.

Norges Skiforbund i samarbeid med Norsk Tipping har utvikla kurset 'grasrottreneren'. Grasrottrenar er eit eige kurs, med eigen kompetanse, men er også første steget NSF si trenarløype. Kurset er bygt opp i to deler, første del er 4 timar praksis med kurshaldar, og andre del er individuell e-læring.  

Målsetning: Ein utdanna Grasrottrenar har fått aktivitetskompetanse, og blitt bevisst sin posisjon som rollemodell for born og unge. 

Kven for: Økta passar spesielt godt for deg som har/ skal ha skiaktivitet for barn denne vinteren, og ønskjer at barna skal leike inn skiferdigheiter. Kurset er praktisk retta, og ein er i aktivitet heile kurstida, men med prat og forklaring innimellom. Kursinsttruktør viser ulike måtar du kan bruke området du har tilgjengeleg og bruk av enkelt utstyr. Det er ikkje eit krav, men ein fordel at du har ski på beina og prøver øvingane sjølv. 

Aldersgrense: 14 år (det året du fyller)

Pris: Det er gratis å delta på kurset og det krevst ingen forkunnskap.

MÅNDAG 22. JANUAR 2024 - LANGELAND SKISENTER:

Tidspunkt: 22. januar 2024, kl. 18.00-21.00 

Kurshaldar: Roger Pollen

Påmelding via iSonenhttps://isonen.no/event/clqxrbgsf06dhd9itp02qdee6

Nærmare informasjon vert sendt påmeldte deltakarar i framkant av kurset. 

ONSDAG 24. JANUAR 2024 - KLEIVANE SKISENTER:

Tidspunkt: 24. januar 2024, kl. 18:00-21:00 

Kurshaldar: Roger Pollen

Påmelding via iSonenhttps://isonen.no/event/clqxs1qkz06hxf0i5ovd0q3rb

Nærmare informasjon vert sendt påmeldte deltakarar i framkant av kurset. 

nif-epi04, 04