Sprintleik i Hyen
Laurdag 3. februar inviterar Hyen IL til sprintleik på Høgdene! Dette blir eit lågterskel skirenn med korte rundar i skileikområdet.
Laurdag 3. februar inviterar Hyen IL til "sprintleik" på Høgdene ved Fullskjeggja. Det blir korte rundar på ca 0,5 km rundt ein del av løypa vår. Om føre og snøforholda tillett det legg vi delar av løypa innom kulekøyringsbakken vår. Antal rundar er avhengig av alder og ferdighetsnivå.
Påmelding og informasjon via iSonen:
- PÅMELDING SPRINTLEIK HYEN 2024
- Påmelding kan ein også gjere per telefon/tekstmelding til Anne Berit Selle: +47 995 53 344
Vi held oss nær skileikområdet, så dei som ikkje er opptatt med å sprinte rundt løypa kan leike seg der eller vere publikum og heiagjeng. Vi fyrer opp bålpanne(r), så ta gjerne med noko å grille. Vi har varm og kald saft til utdeling.
Velkommen til leik på ski i Hyen, sosialt samvær og uhøgtideleg konkurranse!