Hopp til innhold

Foto frå Enivest Skiskule 2024

Skiglede i Førde!

Ei flott helg med Enivest skiskule vart avslutta med rulleskirenn på Langeland ski- og fritidssenter.

Takk til Gjøran Tefre og alle andre som bidrog til ei motiverande trenignshelg i Førde! Dette var 8. året på rad Gjøran arrangerte skiskulen i Førde. 

--

 

Frå tidlegare: 

Førde IL langrenn og Gjøran Tefre i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til skiskule i Førde 11.-13. oktober 2024. Skiskulen tjuvstartar fredag 11. oktober kl. 13:00 med foredrag med Gjøran Tefre, på Scandic Sunnfjord Hotell! 

Den tradisjonsrike skiskulen til Gjøran Tefre går av stabelen 11.-13. oktober 2024. 

Foredrag fredag 11. oktober kl. 13:00
Gjøran Tefre fortel om sin sesong! Kva han gjorde riktig, og kva feil han har lært av. Korleis trente Gjøran inn mot NM gull og verdenscup "sølv", og korleis han klarte å kome i betre form enn nokon gong tidlegare i karriera, får du svar på fredag 11. oktober på Scandic sunnfjord. 

Stad: Amfiet, Scandic Sunnfjord Hotell

Informasjon om skiskulen: 

Som tidlegare blir det lagt til rette for overnatting og alle måltid på Scandic Sunnfjord Hotell, rulleskirenn på Langeland, samt morosam trening i Førde sentrum. Skiskulen krev ingen erfaring med rulleski, og er open for alle. 

Rammeprogram fredag-søndag

Innbyding Enivest Skiskule 2024

Påmelding til skiskulen via iSonen: 

Påmelding Enivest Skiskule 2024

Frist for påmelding: søndag 29. september kl. 23:59 (utvida til 6. oktober)

Deltakaravgift: 

Utan overnatting kr. 900 (inkluderar all aktivitet, treningar, samt lunsj og middag) 

Med overnatting kr. 2100,- (inkluderar all aktivitet, lunsj og middag, samtovernatting 2 netter på dobbeltrom ved Scandic Sunnfjord Hotell inkludert frukot) 

Vel møtt til Enivest Skiskule 2024! 

NIF-EPI01, 01