Utlån av rulleski
Er du nysgjerrig på rulleski eller ønskjer variasjon i barmarkstreninga? Skikrinsen har 50 par rulleski til utlån! Ta kontakt for lån og få gode tips til morosam aktivitet på rulleski.
Sogn og Fjordane Skikrins har kjøpt inn 50 par rulleski for utlån til skiklubbane. For idrettslag som ikkje har anlegg for rulleski, går det like bra å gjennomføre økter på ein stor og tom parkeringsplass. Aktivitet på rulleski er svært spesifikk skitrening, og kan vere fin varisjon til barmarkstrening på hausten.
I tillegg passer aktivitet på rulleski godt for allidrett/ barneidrett, kroppsøving i skulen, ulike arrangement, og mykje meir.
Rulleskitrening utfordrar eigenskapar som balanse, koordinasjon, styrke, og uthald. Det kan vere vanskeleg i starten, men mange opplever rask progresjon på rulleski. Hugs å bruk hjelm så får de ei kjekk og god treningsøkt!
RULLE
Rulleskien RULLE er spesielt godt egna for born og unge i alderen 12 år og yngre, men kan også brukast av eldre ungdommar. Skien er kort og rullar godt, noko som gjer den svært lettkøyrt.
LÅN AV RULLESKI
Det er gratis å låne rulleski, men ein må ordne henting og levering sjølv. Vi låner ikkje ut skisko, hjelm eller anna utstyr - dette må utøvarane ta med.
OBS - Skikrinsen låner ikkje ut til enkeltpersonar, det må vere idrettslag/ større grupper som legg til rette for felles aktivitet.
Reservasjon av rulleski gjer ein per e-post:
- send e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no
- skriv antall ski og tidspunkt ein har planlagt å bruke dei
TIPS TIL RULLESKI-ØKT
Treng du inspirasjon og tips til korleis du kan legge til rette for aktivitet på rulleski ta kontakt med Skiklubbutviklar i krinsen, Melanie Hetkamp-Andersen;
e-post: melanie.hetkamp-andersen@skiforbundet.no, tlf. +47 469 10 456
Du kan også sjå rekrutteringssidene til Skiforbundet og finne inspirasjon til morosam skitrening: