Hopp til innhold

Velkommen til Haustmøte 2024

Gode diskusjonar knytta til skisesongen 2024/2025, fagleg påfyll frå flinke foredragshaldarar, samt kjekke treningsøkter for ungdommen, er Idrettens Møteplass 2024 kort oppsummert. Presentasjonar frå Skikrinsen sitt haustmøte ligg på nettsida. Referat frå fagmøta vert lagt ut ved høve.

Presentasjonar frå Skikrinsen sitt haustmøte

Frå tidlegare: 

I samband med Idrettens Møteplass inviterer Sogn og Fjordane Skikrins til haustmøte 27. oktober 2024 i Førde. Som tidlegare vert det også lagt opp til treningssamling for ungdom denne dagen.

Skikrinsen inviterer til sine haustmøte i samband med Idrettens Møteplass 2024. Det blir også lagt opp til ei treningssamling for ungdom i alderen 12-16 år denne dagen: treningssamling for ungdom

Stad: Førdehuset, Førde
Tidspunkt: Søndag 27. oktober 2024

Rammeprogram:
Kl. 10.00 - 12.00, Lisjesalen, Førdehuset

  • Utvikling av unge idrettsutøvarar: Korleis navigere trening gjennom puberteten? Ved Halvard Grendstad, Norges idrettshøgskule 
  • Kloke val inn mot skadeforebygging. Ved Skadefri-ambassadørane Marit Anne Smørdal og Aud Vassbotten Storøy. 

Kl. 12.00 - 13.00: Felles lunsj for alle, Festsalen, Førdehuset

Kl. 13. 00 - 16.00Haustmøte Skikrinsen (Førde Ungdomsskule: Auditoriet og klasserom) 

Rammeprogram for haustmøte til Skikrinsen: 

Kl. 13.00-13:30: Fellesdel: 

  • Velkommen v/ styreleiar Jorunn Åsfrid Røyrvik
  • Rekrutteringsavdelinga i Norges Skiforbund v/avdelingsleiar Sven Håkon Kulbeck 
  • Rekrutteringstiltak i Skikrinsen v/ skiklubbutviklar Melanie Hetkamp-Andersen 

Kl. 13:45-16:00: Greinvise fagmøter: 

Fagmøte til Hopp- og Kombinertkomiteen vert gjennomført digitalt, torsdag 24. oktober kl. 19:30. 

Påmelding via iSonen: Idrettens møteplass 2024

All informasjon om Idrettens Møteplass finn ein på nettsidene til Vestland Idrettskrets: 

Idrettens Møteplass 2024

NIF-EPI02, 02