Skisprell 2025
SKISPRELL er tilbake! Skikrinsen kjem gjerne til DIN klubb. Oversikt over datoar som kan søkast på denne vinteren er no lagt ut, ta kontakt for å sikre deg ein morosam skifest!
Kva er Skisprell?
Skikrinsen vil gjerne bidra til lokale skifester rundt om i krinsen. Skisprell er skileik på tvers av alle skigreinene i Skiforbundet. Skiklubbutviklar Melanie Hetkamp-Andersen kjem på besøk og hjelp din klubb med å arrangere.
I utgangspunktet legg vi opp til onsdagar kl. 17:30-19:30.
Alle greiner kan søke!
... gjerne som eit samarbeid i klubbar med fleire greiner.
-----------------------------------------------
Målgruppe for arrangementet
Born, familiar og besteforeldre, klubbmedlemmar, naboklubbar, barnehagar og skular i Sogn og Fjordane Skikrins.
GRATIS å delta
Dette skal vere eit lågterskeltilbod. Det er gratis å delta og krev ingen påmelding.
Skikrinsen bidreg med
- tilretteleggjing for skileik
- digitalt marknadsføringsmateriell
- pølser og saft
Klubben bidreg med
- marknadsføring av arrangementet til aktuelle målgrupper
- bistand til rigging av stadion
- mannskap til pølsegrilling
BESTILLING AV BESØK
I utgangspunktet kan ein søke på følgjande datoar:
- 8. januar
- 15. januar
- 22. januar
- 29. januar
- 5. februar
- 12. februar
- 19. februar
- 12. mars
- 19. mars
- 2. april
Om det er andre datoar som høver betre, send inn ein søknad så ser Melanie kva ho har tid til.
Følg med på SKISPRELL-kalendaren for å sjå oppdatert liste: SKISPRELL KALENDAR 2025
Er din klubb interessert?
Send ein e-post med kontaktperson og klubb til melanie.hetkamp-andersen@skiforbundet.no.
Foreslå gjerne alternative datoar, då er det større sjans for å få besøk.
Alle klubbar i Sogn og Fjordane Skikrins kan søke, men vi sender ein ekstra sterk oppfordring til klubbar som ikkje har hatt Skisprell tidlegare! Om det er fleire søkarar enn oppsatte datoar, prioriterar vi klubbar som IKKJE har hatt Skisprell før.