Barnetrenarkurs langrenn Langeland
Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til grasrottrenerkurs på Langeland ski- og fritidssenter tysdag 21. januar 2025.
TYSDAG 21. JANUAR 2025 - LANGELAND SKISENTER:
Tidspunkt: 21. januar 2025, kl. 17:00-21:00
Kurshaldar: Bodil Ryste og Brit Baldhisol
Påmelding via iSonen: PÅMELDING
Nærmare informasjon vert sendt påmeldte deltakarar i framkant av kurset.
Målsetning: Ein utdanna grasrottrenar har fått aktivitetskompetanse, og blitt bevisst sin posisjon som rollemodell for born og unge.
Kven for: Økta passar spesielt godt for deg som har/ skal ha skiaktivitet for barn denne vinteren, og ønskjer at barna skal leike inn skiferdigheiter. Kurset er praktisk retta, og ein er i aktivitet heile kurstida, men med prat og forklaring innimellom. Kursinsttruktør viser ulike måtar du kan bruke området du har tilgjengeleg og bruk av enkelt utstyr. Det er ikkje eit krav, men ein fordel at du har ski på beina og prøver øvingane sjølv.
Aldersgrense: 14 år (det året du fyller)
Pris: Det er gratis å delta på kurset og det krevst ingen forkunnskap.
Du kan lese meir om grasrottrenarkurset her: