Hopp til innhold

Ribberennet 2024 Avlyst

Pr. 23.12 er det beslutta å avlyse Ribberennet 2024. Torsdag 26. desember ønskjer Førde langrenn velkomne til det tradisjonsrike Ribberennet ved Langeland ski- og fritidssenter! Ribberennet går i klassisk stil med første start kl. 13:00.

Oppdatert informasjon, 23.12.2024
I samråd med Langeland Skisenter er det beslutta å avlyse det tradisjonsrike Ribberennet, som er terminfesta 26. desember 2024.

Avlysinga skuldast marginale snøforhold på Langeland, samt verprognosar som varslar mildvêr og mykje regn i dagane framover.

Ein har vurdert å arrangere Ribberennet som ein sprint i traseen med kunstsnø, men på grunn av dei gjeldande vær- og snøforholda er det imidlertid svært usikkert, om det vil vere mogleg å sikre tilstrekkeleg kvalitet på løypene for å gjennomføre arrangementet på ein trygg og tilfredsstillande måte.

Per i dag er det treningsforhold ved Langeland Skisenter, og vi oppmodar alle skiinteresserte til å nytte sjansen til å komme seg ut på ski før mildværet tek over. 

Frå tidlegare: 

Ribberennet går i tradisjon tru av stabelen 2. juledag. 

Påmelding Ribberennet 2024

OBS! Ribberennet er med atterhald om snø- og værforhold. Oppdatering vert publisert på nettsidene til skikrinsen når det nærmar seg. 

Status snø- og løypeforhold pr. 20.12:

Per i dag er det usikkert om rennet let seg arrangere grunna marginale og svært variable snøtilhøve ved Langeland Skisenter.

Ved Langeland Skisenter er det lagt ut ca. 1 km løype med kunstsnø, om ikkje snøforholda stabiliserar seg kan det bli aktuelt å gjennomføre rennet som klassisk sprint.

NIF-EPI03, 03