Hopp til innhold

Det var eit kjekt møte i banken sine lokale i Førde. F.v. Cathia Baarøy (konstituert banksjef), Kennet Dvergedal (adm. sjef Sogn og Fjordane Skikrins), og Marita Svalheim (kunderådgjevar Sparebanken Vest). Foto: Arve Ekehaug

Prosjektstøtte til Skiaktivitet i skulen

Sogn og Fjordane Skikrins har fått støtte frå Sparebanken Vest til prosjektet Skiaktivitet i skulen. Gjennom prosjektet får Skikrinsen moglegheit til å bidra på skidagane til skular i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Torsdag 13. juni kunne konstituert banksjef i Sparebanken Vest Førde, Cathia Baarøy, gladeleg dele ut sjekken på 100 000,- kroner til administrasjonssjef i Skikrinsen, Kennet Dvergedal. 

Med støtte frå Sparebanken Vest får vi no moglegheit til å hjelpe lærarar og andre i skulesektoren til å lage kjekke skidagar for born og unge og skape mange gode opplevelsar på ski, seier Dvergedal. 

Litt om prosjektet:

I prosjekt Skiaktivitet i skulen ønskjer Sogn og Fjordane Skikrins å hjelpe lærarar i gjennomføring av skidagane ved å tilby kompetanseheving og ressursar på skulen sine skidagar.

Alle skular i gamle Sogn og Fjordane fylke vil bli invitert til å vere med på prosjektet. Hovudsakleg vert prosjektet gjennomført i skianlegg på vinteren, men det er også mogleg å gjennomføre "skidagen" med rulleski utan snø. 

Målsetning med prosjektet: 

  • Kompetanseheving blant lærarar slik at dei skal vere i stand til å skape og fasilitere ei god skiopplæring i grunnskulen
  • Auke fysisk aktivitet blant born og unge gjennom morosam aktivitet på ski 

Informasjon om prosjektet vert sendt ut hausten 2024 og vert gjennomført vinteren 2024-2025. 

Spørsmål om prosjektet kan rettast til Kennet Dvergedal 
e-post: kennet.dvergedal@skiforbundet.no 
tlf.: 406 36 964

NIF-EPI02, 02