Hopp til innhold

FIS registrering langrenn 2024/2025

Frist for inn- og utmelding av FIS-lista i langrenn sesongen 2024/2025 er 15. september. Utøvarar som skal starte i FIS-renn (norgescup, NM og internasjonale renn) er pålagt å ha FIS-lisens frå junioralder.

INNMELDING FIS-LISTE

Utøvarar som skal starte i FIS-renn (norgescup, NM og internasjonale renn) er pålagt å ha FIS-lisens frå junioralder. Utøvarar som skal registrere seg med FIS-lisens må fylle ut Athletes Declaration skjema og sende til kennet.dvergedal@skiforbundet.noinnan 15. september

Tidlegare har betaling for lisens gått via skikrinsen, men det jobbes for å få på plass ei løysing der utøvar sjølv betalar for dette i Min Idrett. Meir informasjon om dette kjem i løpet av kort tid. 

Årleg avgift for aktiv FIS-lisens er kr. 550 

UTMELDING FIS-LISTE

Vi ber om at utøvar og klubbar gir tilbakemelding på evt. strykningar innan 15. september. 

Meir informasjon rundt FIS-kode og FIS-lisens finn ein her. 

Har eg aktiv FIS-lisens? 

Oversikt FIS liste alle løparar Sogn og Fjordane Skikrins 2023-2024 (oppdatert pr. 21. august)

Sjekk min status

NB! Alle FIS-løparar må også huske å betale skilisens (skiforsikring). Årslisens for kvar sesong varar frå 1. oktober til 30. september, og gjeld frå betalingsdato. 

NIF-EPI03, 03