Hopp til innhold

Sparebanken Vest utøvarstipend

I samband med samarbeidsavtalen til Sparbanken Vest og Sogn og Fjordane Skikrins alpint kan ein no søke på utøvarstipend for 2024. Utøvarstipendet skal stimulere til toppidrettssatsing for alpinistar i Skikrinsen. Søknadsfrist 9. september.

Alpinkomiteen i lag med Sparebanken Vest deler ut utøvarstipend som skal stimulere til toppidrettssatsing for alpinistar i Skikrinsen. 

Følgjande kritere vert lagt til grunn i tildelinga: 

  • FIS løpar
  • Utøvar frå Sogn og Fjordane og representerer klubb frå Sogn og Fjordane Skikrins
  • Utøvar må vise potensiale til å nå langt
  • Utøvar viser gode haldningar

Stipendet vert gjeve til ein utøvar i 2024. Same utøvar kan ikkje motta stipendet fleire gonger. 
Utøvarstipendet vert gjeve ut i samband med Skikrinsen sitt haustmøte, normalt i månadsskiftet oktober/ november. 

Søknad

For å bli vurdert til utøvarstipendet skriv ein kort søknadstekst som inneheld følgjande: 

  • Fullt namn
  • Klubb
  • Sportslege målsetningar 
  • Kvifor fortener du SPV utøvarstipend i 2024

Søknad sendes til krinsadministrasjonen per e-post: kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Søknadsfrist: Onsdag 11. september

Evt. spørsmål rettast til administrasjonen ved Kennet Dvergedal.
E-post: kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Tlf. nr. 40 63 69 64 

NIF-EPI01, 01