Hopp til innhold

Barnetrenarkurs langrenn

Ønskjer du inspirasjon til å drive skiaktivitet for born og unge? Bli med på Skikrinsen sine barnetrenarkurs for langrenn 20. januar på Langeland skisenter, og 21. januar på Harpefossen skisenter.

Målsetning: Ein utdanna grasrottrenar har fått aktivitetskompetanse, og blitt bevisst sin posisjon som rollemodell for born og unge.

Kven for: Økta passar spesielt godt for deg som har/ skal ha skiaktivitet for barn denne vinteren, og ønskjer at barna skal leike inn skiferdigheiter. Kurset er praktisk retta, og ein er i aktivitet heile kurstida, men med prat og forklaring innimellom. Kursinsttruktør viser ulike måtar du kan bruke området du har tilgjengeleg og bruk av enkelt utstyr. Det er ikkje eit krav, men ein fordel at du har ski på beina og prøver øvingane sjølv.

Aldersgrense: 14 år (det året du fyller)

Les elles meir om grasrottrenarkurset her: 

Barnetrenarkurs langrenn

MÅNDAG 20. JANUAR 2025 - LANGELAND SKISENTER:

Tidspunkt: 20. januar 2025, kl. 17:00-21:00
Stad: Langeland skisenter
Kurshaldar: Bodil Ryste og Brit Baldhisol
Påmelding via iSonen: PÅMELDING

Pris: Det er gratis å delta på kurset og det krevst ingen forkunnskap.

Nærmare informasjon vert sendt påmeldte deltakarar i framkant av kurset.

TYSDAG 21. JANUAR 2025, HARPEFOSSEN SKISENTER:

Tidspunkt: 21. januar 2025, kl. 17:00-21:00
Stad: Harpefossen skisenter
Kurshaldar: Reidun Smørdal Hjelle og Brit Baldhisol
Påmelding via iSonen: PÅMELDING

Pris: Det er gratis å delta på kurset og det krevst ingen forkunnskap.

Nærmare informasjon vert sendt påmeldte deltakarar i framkant av kurset.

NIF-EPI02, 02