Hopp til innhold

SSF Cup Langeland skisenter

Førde IL langrenn og Gaular IL langrenn inviterer til SSF cup på Langeland skisenter - OBS flytta til søndag 19. januar. Dette blir gjennomført som eit distansrenn i friteknikk. Resultatservice.

Resultatliste: 

Resultat SSF Cup Langeland 19.01.2025

 SSF CUP SAMANLAGT 2025 (Oppdatert pr. 20.01.2025)

Informasjon pr. 17.01 kl. 21:30: 

Innbydinga er justert fredag 17.1 etter rådande løypeforhold på Langeland ski- og fritidssenter. Det vil ikkje vere mogleg å få til gode løyper for langrennscross, og vi har derfor justert til tradisjonell gjennomføring med eitt distanserenn for alle. Vi vil bruke løypene som har kunstsnø, og har ei runde på om lag 2 km. Sjå oppdatert innbyding for distansar. Vi skal gjere vårt beste for å få til ei god gjennomføring på søndag, og ynskjer alle velkomne til Langeland. Påmelding er framleis mogleg via isonen.

Informasjon frå arrangør pr. 16.01 kl. 13:30:

På grunn av utfordrande veirtilhøve so ser vi oss nøydde til å flytte SSF Cup rennet som skulle vert arrangert laurdag 18.jan til søndag 19.jan. Dette fører til at stafetten som var planlagt søndag vert flytta på ubestemt tid. Rennprogrammet laurdag vert flytta til søndag, dvs at det vil verte skicross + distanserenn som tidlegare sett opp.

Bakgrunn er at det er nokre parti av løypa med dårlege snøforhold, vi er nøydde til å flytte snø for å få til rennet. Det er meldt regn heile fredag og laurdag fram til start, nok som gjer at flytting og prepping av løype ville blitt veldig vanskeleg og gitt dårlege forhold. Vi satsa på at veirmeldinga med litt lettare veir laurdag ettermiddag og søndag skal gjere det muleg å få laga klar løypa på laurdag ettermiddag/kveld.

----------

Søndag 19. januar 2025 er det klart for SSF cup dobbeltrenn på Langeland skisenter. Rennet er teljande som renn nr. 3 i SSF cupen for junior og rekrutt (11-16 år). Sjå meir informasjon om SSF cupen 2025 nedst på sida. 

For klasssane 11 år og eldre blir tider frå langrennscross og kort distanse slått saman. Samanlagt tid gir den telgjande resultatlista og tel i SSF cupen. Ved påmelding er du automatisk påmeld til begge renna. 

Sjå elles innbydinga for meir informasjon og løypelengde: 

Justert innbyding til SSF cup sprint og distanserenn - Langeland skisenter

Påmelding via iSonen innan torsdag 16. januar kl. 23:59:

Påmelding ssf cup sprint og distanserenn - Langeland skisenter

SPRINTSTAFETT 19. JANUAR 2025 (flytta til ubestemt tid) 

Søndag 19. januar inviterer Førde IL og Gaular IL også til sprintstafett. Sjå meir informasjon i eigen nettsak: 

Sprintstafett Langeland 19. januar

SSF Cup 2024/2025:

Alt om SSF Cupen: 

SSF Cup 2025

NIF-EPI01, 01