
Innspel til handlingsplanen 2025-2027
Sogn og Fjordane skikrins skal vedta ny handlingsplan for perioden 2025-2027 på Skikrinstinget 26. mai 2025. Vi ønskjer gjerne innspel frå klubbane til konkrete tiltak for arbeidet som skikrinsen skal jobba med i komande tingperiode.
Klubbane knytta til Sogn og Fjordane skikrins er styret sin oppdragsgjevar. For neste tingperioden skal det utarbeidast og vedtas ein tiltaksplan for arbeidet som skikrinsen skal jobbe med. For at styret skal leggje til rette for den aktivteten klubbane ønskjer, ber vi klubbane kome med innspel til tiltak.
13 innsatsområder
I Norges Skiforbund sitt strategidokument “Skiforbundet vil”, vedtatt på Skitinget 2024, er det 13 innsatsområder for å nå overordna mål. Desse må sjåast på som overordna og ikkje direkte gyldige for arbeidet i klubb og krets.
Vi ønskjer innspel frå klubbane!
Vi ønskjer konkrete innspel om kva klubbane meiner er viktig for sitt arbeid, til tiltak som skikrinsen skal ha for perioden 2025-2027. Desse tiltaka må vere bidrag til å nå eit eller fleire av dei 13 innsatsområda. Tiltaka kan enten knyttast opp mot arbeidet i greinkomité eller som overordna tiltak som styret skal jobba med.
Det er ikkje viktig med tiltak som treff alle 13 innsatsområda, men gode gjennomfør- og målbare tiltak som klubbane ønskjer å sette fokus på.
Framdriftsplan
- 28. februar: Skikrinsstyret handsama strategien i styremøte
- 15. mars: frist for greinkomitear og klubbar å gje innspel
- slutten av mars: Skikrinsstyret handsama strategien i styremøte
- 1. april: strategien vert lagt ut på høyring
- 30. april: høyringsfrist
- 26. mai: Skikrinstinget 2025, Skei
Innspel på tiltak
Sendast til krinsadministrasjonen per e-post kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Spørsmål til strategien kan rettast til greinleiarar eller styreleiar Jorunn Åsfrid Røyrvik per e-post: jar@blixhotell.no