
Foredrag med Kjetil Jansrud!
I samband med Telenorleikene 2025 inviterer Sognenett, Sognekraft, og Sogndal IL alpint til gratis inspirasjonsforedrag med Kjetil Jansrud fredag 28. mars!
Sognenett og Sognekraft er stolte av å invitere alle medlemmar i dei lokale idrettslaga til eit inspirerande føredrag med Kjetil Jansrud. Som stolt samarbeidspartnar til fleire lag i regionen ynskjer me å gjere litt ekstra stas på utøvarar, trenarar og støtteapparat. Me ynskjer å gje noko tilbake til det lokale idrettsmiljøet og legg difor til rette for denne unike sjansen til å samlast, dele gode opplevingar og la seg inspirere av ein av Norges mest meritterte alpinistar.
Kvar: Quality Hotell Sogndal
Tidspunkt: Fredag 28. mars 2025, kl. 17.30-18:30
Pris: gratis
Billettar bestillast via lenka (førestmann til mølla):
billettar til foredrag med Kjetil Jansrud
Om Kjetil Jansrud
Jansrud er ein levande legende innan alpinsporten, med fleire medaljar frå OL og VM. Han har gått gjennom både oppturar og nedturar og har ei sterk historie om vinnarkultur og kva som skal til for å prestere – både i og utanfor bakken.
I samband med Landsfinalen i alpint som arrangerast i Sogndal skisenter Hodlekve 27.-30. mars 2025 kjem Kjetil Jansrud til Sogndal for å halde foredrag, samt bidra som prøvekøyrar til Super G-rennet fredag 28. mars.
Meir informasjon om Telenorleikene 2025 finn du her: