
Skikrinsting 2025
Sogn og Fjordane skikrins inviterer til Skikrinsting måndag 26. mai 2025 på Thon Hotell Jølster.
Måndag 26. mai 2025 er det klart for Sogn og Fjordane skikrins sitt Skikrinsting for 2025.
Påmelding via iSonen: Påmelding Skikrinsting 2025
Skikringstinget 2025
STAD: THON HOTELL JØLSTER, SKEI
Tid: MÅNDAG 26. MAI 2025, kl. 17:00-21:00
Førebels rammeprogram:
kl. 16:45 oppmøte
kl. 17:00 greinvise fagmøter:
-
Alpint
-
Hopp/ kombinert
-
Langrenn
kl. 19:15 utmerkingar
kl. 19:30 Skikrinstinget 2025
kl. 21:00 avslutning/ heimreise
Det kan kome endringar i programmet.
REPRESENTASJON
På Skikrinstinget møter med stemmerett:
- Skikrinsstyret
- Representantar frå laga etter følgjande skala:
Representantar frå idrettslaga må vere valt på årsmøte eller oppnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøte og meldt skikrinsen seinast 18. mai 2025.
Elles er tinget ope for observatørar som ynskjer å følgje tinget.
Innmelding av saker
Organisasjonsledd som vil fremme saker til tinget må sende desse skriftleg til Sogn og Fjordane skikrins per e-post; sognogfjordane@skiforbundet.no, innan søndag 11. mai.
SAKLISTE
Fullstendig sakliste med vedlegg blir lagt ut på nettsida til Skikrinsen, og sendt representantane, seinast 1 veke før tinget.
DELTAKING FRÅ BEGGE KJØNN
På skikrinstinget skal det vere representantar frå begge kjønn.
Kjønnsfordelinga i medlemsmassen til skikrinsen er retningsgjevande for samansetninga.
Skikrinsstyret ønskjer vel møtt til Skikrinsting!