Hopp til innhold

Emily og Oda frå Voss er godt fornøygde med uttak til internasjonale renn! (Avisa Hordaland)

Hordalandsalpinistar uttekne til internasjonale renn og talentcamp

Tre av våre unge lovande alpinistar kvalifiserte seg til internasjonale renn og talentcamp etter solide prestasjonar i Wyller og Kirkerud i helga.

20. og 21. januar vart det arrangert kvalifisering til NSF si talentsamling og internasjonale barnerenn i Wyllerløypa og på Kirkerud i Oslo. Her stilte Hordaland med med fleire deltakarar og for 3 jenter gjekk det spesielt bra! 

Jentene fra Hordaland køyrde fort og tok med seg fleire pallplasser frå både SL og SSL. Dei gode plasseringane resulterte difor i uttak til skiforbundets talentcamp og norsk representasjon på internasjonale barnerenn i både Italia og Slovenia.

Våre tre jenter som kvalifiserte seg er:

- Mille Sylvester Davik Tertnes alpin som med 3. plassen i storslalåm, og kvalifiserte seg til NSF sin talentcamp.

- Oda Skaret Andersen Jæren alpinklubb (busett og trenar på Voss) vart med sin 2. plass i SSL klar for  Norges tropp som reiser til den 49. utgaven av PokalLoka i Slovenia i februar.

-Emely barmen som vann SL-rennet kvalifiserte seg til å representera Norge i Topolino i Italia. 

Emily Barmen øverst på pallen etter slalåmrennet. 


Oda Skaret Andersen og Mille Sylvester-Davik til venstre og høyre med 2. og 3. plass på storslalåmrennet. 

Skikretsen gratulerer så mykje og ynskjer lykke til med talentcamp, PokalLoka og Topolino for jentene frå Hordaland. 

Sjå uttaket på NSF sine sider

Sjå også meir om Emily og Oda sitt uttak i Avisa Hordaland.

 

 

 

NIF-EPI02, 02