Hopp til innhold

Håkon Pettersen i svevet.

Hoppende glede i Hordaland skikrets

Eldar IL laga til ein super dag for dei 36 deltakarane som var med på hopp og kombikross på Framnes laurdag 13. januar.

Eldar Il skipa laurdag til det første hopp og kombinertrennet i 2024 i Framnesbakkane og krossløypa der.

Rennet hadde, naturleg nok, flest deltakarar frå Eldar, men fleire også frå Ulvik, Bulken og Gullfjell.

Dette rennet inngår i hopp og kombinert komiteen sine rekruttrenn, som er opne for alle. Dei hoppa i den bakken dei hadde lyst og ein runde i krossløypa var obligatorisk og nokre rundar ekstra for dei over 9 år.

Som vanleg var det veldig kjekt med speaker Odd Rolland i bakken, som hadde motiverande kommentering. Heiaropa kom frå kjekke foreldre / besteforeldre som var med å skapa ei flott ramme og stemning i anlegget. 

Kafeen i gapahuken hadde heimebakst , betasuppe , kaffi og saft på menyen denne kjekke laurdagen. 

Nokre bilete frå dagen
 

Resultat Januarrennet - Eldar IL 13. januar 2024

NIF-EPI01, 01