Hopp til innhold

Løypebilete Totræna tysdag 23. januar.

KM helg langrenn på Totræna

Samnanger IL inviterer til KM klassisk laurdag 27. jan og TIF Viking inviterer til KM friteknikk - lang søndag 28. jan.  Begge renna går på Totræna i Samnanger.

Ikkje gå glipp av KM i langrenn på Totræna til helga. Sjølv om veret har vore ruskete dei siste dagane, så kan Samnanger IL melde om solide snømengder og gode forhold i traseen før helgas KM. 

Laurdag inviterer eigarlaget i Totræna - Samnanger IL til Kretsmeisterskap i klassisk teknikk. Følg med på heimesida til Samnanger med oppdatering rundt arrangementet og viktig informasjon med m.a. smørjetips oppdatert både onsdag og fredag. 

Søndag inviterer TIF Viking til KM i friteknikk - lang løype. Her har skikretsen felles smørjeopplegg for 8 - 16 år. Alle som deltar i desse klassane får skia smurt opp av eit eige smørjeteam. 

Sjå meir om arrangementa og meld dykk på!

KM langrenn hordaland Totræna 27. og 28. januar 2024

Me gledar oss til KM på Totræna!


NIF-EPI02, 02