Hopp til innhold

Førebuingar til laurdagens KM Samnangerrennet i klassisk teknikk.

KM-helg på Totræna

Arrangørklubbane Samnanger IL og TIF Viking laga til to gode Kretsmeisterskap i helga med laurdagens renn i klassisk teknikk og søndagens renn i friteknikk. Arrangørane styrte ikkje over veret og litt betre meldingar hadde nok gjeve betre deltaking.

Kretsmeisterskap Samnangerrennet - klassisk 28. januar


Samnanger IL, som i fjor fekk avlyst sitt klassiske renn under KM, laga til eit godt arrangement når dei også i år fekk arrangere KM klassisk. Regnfulle dagar i forkant var ikkje optimalt, men løypene heldt godt i det krevjande veret og arrangementet gjekk strålande og 122 startande fekk ei god oppleving i Totræna vinterpark. 

Spanande før laurdagens start under Samnangerrennet. Her er gutane frå 8 - 10 år på veg ut i løypa. 

Samnanger IL har laga til ein flott reportasje med resultat og bilete frå laurdagens renn. 
Resultat og bilete frå laurdagens KM Klassisk Samnangerrennet 2024  

Kretsmeisterskap Vikingrennet - friteknikk søndag 28. januar

Søndagen var det TIF Viking som arrangerte Kretsmeisterskapet når friteknikk stod på programmet. Denne dagen var det lengre distansar for 16 år og eldre. Veret spelte litt meir på lag med opphaldsver på stadion og TIF Viking laga til eit godt renn for deltakarane trass i at dei måtte tilpasse litt undervegs pga. tidspress rundt smørjeopplegget. Meir om det under. 

Nokre bilete frå søndagens renn og lenkje til resultat på Samnanger IL si side, der det også er nokre bilete. 


Resultat KM Friteknikk Vikingrennet 28. januar 2024

Felles smørjeopplegg Vikingrennet 8 - 16 år

Skikretsen og langrennskomiteen gjennomførte også i år eit felles smørjeopplegg i samband med friteknikkrennet under KM. Dette vart beklagelegvis ikkje slik langrennskomiteen hadde sett føre seg og beklagar dette på det sterkaste. Smørjeopplegget fanga ikkje opp godt nok tidspresset rundt avviklinga av arrangementet, som førde til at enkelte løparar ikkje fekk godt nok preparerte ski, og det vart påført stress til både utøvarar og foreldre i tidspresset som oppsto. 

Prosjektet har hatt som mål å gje eit positivt bidrag til klubbane, utøvarane og foreldra, då er det kjedeleg at dette ikkje vart tilfelle. Langrennskomiteen håpar likevel at klubbane er positive til tiltaket også for framtida.

For å imøtegå utfordringane med gjennomføringa, så har langrennskomiteen beslutta at Kretsmeisterskapet denne søndagen for klassane 13 - 16 år vert flytta til eit renn i friteknikk seinare i sesongen. Dette oppdaterast. I tillegg for å fjerne all tvil om utfall også rundt kretscupen, så vert det tildelt 90 poeng til alle deltakarane frå 13 - 16 år på kretscupen for rennet søndag.   

NIF-EPI03, 03