Hopp til innhold

God rekruttering i Hordaland Skikrets

Nær 200 deltakarar og 66 lag stilte til start under Ørnarstafetten i Voss ski- og tursenter laurdag 13. januar. Arrangøren fekk skryt for godt gjennomført arrangement.

Arrangøren fekk noko ekstraarbeid siste veka med påmeldingsystemet som ikkje var samarbeidsvillig. Dette løyste dei på beste måte slik at alle fekk meldt på sine lag.

Ørnarstafetten gjekk frå 150 deltakarar i fjor til 200 i år. Dette er svært gledeleg for skikretsen, som registrerer at det jobbast godt i klubbane med aktiviteten.

Laurdagens Ørnarstafett var også Kretsmeisterskap for 13 års klassen og eldre. I seniorklassen var det gledeleg også registrert rekorddeltaking med heile 13 lag til start. Kjekt også at trimklassen hadde 3 startande lag. Kanskje trimklassen vert populær framover i dei individuelle renna også? 

Resultat Ørnarstafetten kretsmeisterskap 13. jan. 2024

NIF-EPI02, 02