Hopp til innhold

I helga går det to konkurransar i to av våre finaste anlegg. Her frå Drevtjørn i Ulvik, som arrangerer søndagens renn.

Langrennshelg Bulken og Ulvik

Til helga vert det langrennsarrangement i to nydelege skianlegg med sprintkonkurranse på Bulken og distanserenn med innlagt KM i Ulvik.

Laurdag 24. februar Bulkensprinten 2024 

Laurdag inviterer Bulken IL til sprintkonkurranse i Dalane skianlegg. Vår einaste individuelle sprintkonkurranse for sesongen går her. 

Bulkensprinten 2024 laurdag 24. februar - Dalane

Søndag 25. februar Ulvikarennet med innlagt KM 

Ulvik IL inviterer til langrenn i dei flotte løypene på Drevtjørn. Ikkje gå glipp av muligheten til å besøke dette flotte anlegget, som både har flotte trasear og flotte områder for skileik ved stadion. 

Ulvikarennet 2024 søndag 25. februar - Drevtjørn 
NB! Innlagt KM for 13 - 16 års klassane. 

nif-epi04, 04