Hopp til innhold

Eit strålande arrangert turrenn i tilsvarande løyper og vertilhøve.

Fantastiske renndagar i Kvam

Kvam LSK laga til ei fantastisk langrennshelg med turrennet Torefjellsrennet og Kvamma- sprintstafetten i helga.

Torefjellsrennet laurdag 9. mars

Det vart ei strålande rennhelg på Sjusete med topp skiforhold og sol frå blå himmel under laurdagens Torefjellsrenn og søndagens Kvammasprint-stafett. Arrangøren fekk lovord for tilbodet og dei tilreisande koste seg med det flotte turrennet og traseen rundt stadion og den actionfylte sprintstafetten på søndagen. 

Skikretsens einaste turrenn samla over 80 deltakarar i konkurranseklassane, som hadde både lange og korte trasear i både friteknikk og klassisk teknikk.  I tillegg hadde over 70 deltakarar meldt seg på trimklassen 

Resultat Torefjellsrennet 9. mars 2024

Sjå facebookpost med arrangørens eigne bilete frå den strålande dagen under turrennet: 

 

 Kvammasprint-stafett søndag 10. mars

Søndagen inviterte arrangørane Kvam LSk til nok eit unikt renn for vår terminliste med sprintstafett for to-manns lag. Over 40 lag var med under den kjekke stafetten. Takk for flotte arrangement Kvam LSK!
Resultat Kvammasprint-stafett 10. mars 2024 

NIF-EPI02, 02