Hopp til innhold

Kjekke ungdomar frå Hordaland skikrets på oppdrag i Holmenkollen under Kong Haralds ungdomsstafett.

Hordaland på Kong Haralds ungdomsstafett

Hordaland stilte med 2 lag under stafetten som gjekk den 9. mars.

Hordaland skikrets stilte med to gode lag under Kong Haralds ungdomsstafett, som går årleg under WC helga i Holmenkollen.

Hordaland skikrets stilte med følgande løparar under helgas stafett: 

J 15 år Ane Rognebakke Voss IL  1. lag
G 15 år Didrik Helle Bruås Fana IL  1. lag
J 16  år Yvonne Berge Børsheim Voss IL  1. lag
G 16 år Håkon Samnøy Skjeldal Voss IL 1. lag

J 15 år Sigrid Døssland Voss IL  2. lag
G 15 år Halle Gjerstad Bulken IL 2. lag
J 16 år Emma Rongve Brattebø 2. lag
G 16 år William Samland Eik Uskedalen IL  2. lag

Deltakarane starta helga med togtur til Oslo på fredagen før laurdagen vart tilbragt i Holmenkollen. Dagen starta med at gjengen vår fekk vere publikum under kvinnenes 5-mils konkurranse som tilskodarar. Etterpå var det tid for at våre utøvarar fekk entre nasjonalarenaen og konkurrere mot lag frå andre skikretsar i landet. Med god hjelp frå smørarane våre Espen og Øyvind, så var våre klare til stafettkonkurranse. 

Det var eit sterkt startfelt med gode lag frå alle skikretsane dei møtte i konkurransen. Begge våre lag markerte seg allikevel godt og enda på 16. plass og 22. plass i den tv-sendte konkurransen. God erfaring for våre deltakarar!

Sjå den fine filmen frå turen til våre deltakarar under:)

NIF-EPI01, 01