Hopp til innhold

KM alpint med sol i Eikedalen

KM Fanarennet markerte eit verdig punktum for våre lokale kretsrenn. To velfortente supre dagar i bakken for våre alpinistar!

Renna som talde som kretsmeisterskap for 13 år og eldre gjekk over to dagar i Eikedalen. Arrangøren Fana IL laga til to veldig gode arrangement og traseen med sola på himmelen gjorde at det vart ei strålande alpinthelg for klubbane våre. Laurdagen var det storslalåm som stod på progammet. 

Resultatliste KM Fanarennet storslalåm 9. mars 2024

Søndagen var det slalåm som stod for tur og nok ein flott dag vart det for deltakarane. 



Resultatliste KM Fanarennet slalåm 10. mars 2024


Godt levert Fana alpin!

NIF-EPI01, 01