Hopp til innhold

Nor Freeskicup i Myrkdalen

Voss Freestyleklubb arrangerte i helga Norgescup i Big air og Slopestyle. Det gjorde dei framifrå.

Voss Freestyleklubb stod i helga som arrangør av Nor freeskicupen med konkurransar for både junior og senior i både laurdagens slopestyle og søndagens Big air konkurranse. Ca. 80 deltakarar var med på begge konkurransane som starta med trening og kvalifisering fredag.

Arrangørane Voss freestyleklubb som stilte med 30 - 40 friviljuge fekk skryt av forbundet for arrangementet. 


Dyktige lokale arrangørar laga til eit flott arrangement i Myrkdalen i helga. Drivarane av Myrkdalen-anlegget fekk også skryt av arrangørane for samarbeidet gjennom helga.  


Av dei 80 deltakarane var det 7 lokale med i konkurransane. Fleire skulle ha vore med, men kunne ikkje stille grunna skader. Den som markerte seg høgst på listene var Tobias Hansen som gjekk heilt til topps under søndagens Big air konkurranse. Laurdagen vart det 3. plass i slopestyle for Tobias, som konkurrerer i seniorklassen.  

Topp 3 pall - slopestyle Instragram Nor Freeski 

Topp 3 pall - Big air Instagram NOR Freeski 

Les meir om helga og sigeren til Tobias i saka til Avisa Hordaland 

I tillegg til renna vart det og tid til sosialt samvær med felles middag fredag kveld i Myrkdalsstova. 

Nokre bilete frå helgas action: 

nif-epi04, 04