Utsette kretsrenn på Korlevoll og Røldal
Jularennet og Røldalsrennet har ikkje skiforhold til å arrangere skirenn på dei oppsatte datoane 26. desember og 2. januar. Helga 15. og 16. januar er nye renndatoar for dei tradisjonsrike arrangementa. Sjå oppdatert terminliste med ny dato for Voss Sparebankrennet og nyvinninga Vestlandsmeisterskap.
Parapiggingskveld Voss ski- og tursenter
Tysdag 25. januar inviterer me til utprøving og treningsøkt på Voss ski- og tursenter for dei som ynskjer å prøve parapigging. Set av kvelden på Voss for ein kjekk skikveld!
Påmelding Voss Sparebank rennet
Til helga inviterer Voss IL til lokal sesongopning for langrenn med Voss Sparebankrennet. Hugs påmeldingsfrist mandag 13. desember.
TD-kurs alpint Hordaland
Alpintkomiteen Hordaland Skikrets inviterer til TD-kurs på Brann stadion - Idrettens hus onsdag 15. desember kl 17 - 1930. Kurset passar både arrangørar og TD'ar.
Webinar om rekruttering
Skiklubbane i lag med Hordaland Skikrets ynskjer å sette fokus på rekruttering til skisporten. Me startar opp med bidrag frå dyktige Marianne Myklebust torsdag 9. desember kl 20.00. Meld på!
Rekruttsamling alpint - Toppidrett Voss Gymnas
Toppidrett - Voss Gymnas ynskjer alpinistar fødd i 2006 og 2007 velkomne til rekrutteringssamling på Voss måndag 17, og tysdag 18 januar 2022. Utøvarar frå Sogn og fjordane og Agder og Rogaland er også hjarteleg velkomne.
Alpint terminliste Hordaland 2021-22
Alpinktomiteen har utarbeida terminliste for sesongen. Noko avklaring trengs rundt enkeltarrangement. Dette oppdateres.
Fylkesvinnar - Årets ildsjel
Magne Sørestrand frå Eldar IL er utnemnt til årets ildsjel i Vestland Idrettskrets. Han er dermed også ein av elleve kandidatar til den Nasjonale prisen, som vert utdelt under Idrettsgallaen i januar 2022.
Terminliste langrenn Hordaland 2020-21
Sjå terminliste for langrenn - sesongen 2021-22. Kan oppdateres.
Nasjonale renn og fellesreiser
Langrennskomiteen i Hordaland Skikrets organiserer både overnatting og støtteapparat på våre Nasjonale renn. Nå kan du førehandspåmelde deg til overnatting og fellesopplegget.
Opptak av fellesdelen
Vi gjorde opptak i forbindelse med fellesdelen under årets arrangør- og anleggsseminar. Årets tema for seminaret var rekruttering.
Opptak av fellesdelen
Vi gjorde opptak i forbindelse med fellesdelen under årets arrangør- og anleggsseminar. Årets tema for seminaret var rekruttering.
Klart for Telenor Karusellen
Vi er klare for en ny spennende sesong i Telenor Karusellen etter en utfordrende sesong. Alle idrettslag knyttet til Norges Skiforbund kan arrangere.
Klart for Telenor Karusellen
Vi er klare for en ny spennende sesong i Telenor Karusellen etter en utfordrende sesong. Alle idrettslag knyttet til Norges Skiforbund kan arrangere.
Superlekene Vinter til Voss 22.-24. april
I april vert det arrangert Superlekene også på vinterstid. Arrangementet for personer med utviklingshemming skjer på Voss og Myrkdalen helga 22. - 24. april. Sjå invitasjon.
Invitasjon til jentesamling på Fanahytten
Fana IL i samarbeid med Hordaland Skikrets inviterer langrennsjenter 13-16 år (f. 2006 – 2009) til samling på fanahytten fredag 29. - søndag 31. oktober. Sjå invitasjon.
Langrennskomiteen inviterer til haustmøte
Onsdag 27. oktober kl 18 - 20 inviterer langrennskomiteen til haustmøte på Voss og Fleischers hotel. velkomne til eit kjekt møte med ski-sesongplanar på agendaen.
Kretssamling og rulleskicupen
På Voss ski- og tursenter var det kretssamling for dei over 15 år og rulleskirenn i helga. Vossalangrenn var vertskapet til den kjekke samlinga. Ruulleskirennet markerte også avslutninga på året kretscup i rulleski.
Jubler for full gjenåpning
Regjeringen informerte fredag om at gjenåpningen av samfunnet vil starte allerede fra 25. september.
Kjekt på Haustcamp
Haustcampen 2021 er over. Takk til deltakarane for ei super helg i Bømoen. Sjå bilete frå den allsidige samlinga, der 60 ungdomar frå skikretsen fekk dele opplevingane.ag.
Retningslinjer Utstyrsmidler 2021
Utstyrsmidler 2021 følger samme mal som i 2020. Utstyret må være kjøpt inn i 2021 (fakturadato). Utlysning, godkjenning og tildeling 1. halvdel 2022.
Kretssamling og rulleskirenn på Voss
Det vert storsamling på Voss helga 1. - 3 oktober. Løparar frå 15 - senior er velkome til Voss ski- og tursenter. Utøvarar i hovudlandsrenn-alder vert invitert frå torsdag 30. september. Helga avsluttast med rulleskirenn søndag 3. oktober, som er opent for alle klassar. Sjå oppdatert poengliste i kretscupen. Premiering til vinnarane av klassane og dei som har deltatt på 3 renn i cupen.
Resultat Thunestvedtrennet Osterøy
Osterøy IL inviterte til Thunestvedtrennet søndag 5. september. Sjå bilete og resultat frå rulleskirennet i friteknikk som vart arrangert på Haus denne flotte september-søndagen.
Påmelding Haustcamp 17. - 19. september
Haustcampen er tilbake! Det skjer på Bømoen helga 17. - 19. september. Skiungdomar i skikretsen født 2006 - 2010 er velkomne til ei super allsidig og sosial samling for alle skigreiner.
Litt av det som skjer: Elvepadling, Hallaktivitet, Terrengsykling, Nattorientering, Rulleski(langrenn), Rollerblades(alpint) og Sosiale konkurransar. Bli med!
Tidenes største NOR Freeski jentecamp!
I samarbeid med DNB, lokale klubber og trenerkrefter har vi i dag fylt idrettshaller over hele Norge med aktivitet, idrettsglede og mestring!
Osterøy IL inviterer til Thunestvedtrennet
Søndag 5. september ynskjer Osterøy IL velkomne til rulleskirenn på Haus. Sjå invitasjon og meld dykk på via min idrett.
Stimuleringsordning 2021
Stimuleringsordningen for 2021 er nå på plass og åpen for søknader. Ordningen gjelder for arrangement og aktivitet i perioden 1. januar til 31. oktober 2021, søknadsfrist 15. november.
TiF Viking arrangerte Fløyen Opp
Tif Viking arrangerte torsdagskvelden eit supert rulleskirenn med målgang på Fløyen. Over 50 deltakarar stilte til start i den flotte og spektakulære traseen, som er perfekt for rulleski.
Stimuleringsordning 2021
Stimuleringsordningen for 2021 er nå på plass og åpen for søknader. Ordningen gjelder for arrangement og aktivitet i perioden 1. januar til 31. oktober 2021, søknadsfrist 15. november.
Kretsting Hordaland Skikrets
Torsdag 26.august kl 18 - 20 på Brann stadion - Idrettens hus, eller digitalt. Innkalling og link til påmelding vedlagt.
NOR Freeski Jentecamp 28. august
Vi gjentar fjorårets suksess med lokale jentecamper og er klare for å fylle idrettshaller over hele Norge med aktivitet lørdag 28. august! Les mer under og bli med på moroa!
TIF Viking inviterer til Fløyen opp
Set av torsdag 19. august for rulleskirennet Fløyen Opp. Eit spektaktulært renn med målgang på Bergens tak. Rennet går i skøyteteknikk, med ein innlagt mastersklasse i klassisk teknikk. For aldersgruppa 13 - 20 år, så inngår rennet i kretscupen for rulleski.
Kretssamling på Sommarøya
Helga 27. - 29. august vert det treningssamling i langrenn på Stord for 13 - 16 åringane (f.å:2006 - 2009) Det vert også ei kjekk dagsamling laurdag 28. august for f.å: 2010 - 2014. Helga vert avslutta søndag med rulleskirenn åpent for alle. Rennet inngår i kretscupen for rulleski.
Aktivitetstilbod Hopp og kombinert
Skihopp på plast? Allsidig trening? Høyrest da spennande ut? Sjå aktivitetstilbodet i Hopp og kombinert for sommar og haust i Bergen og Voss.
Vel gjennomført Bergsdalen Opp
Det vart ein fin dag i Dale og Bergsdalen når skikretsen i samarbeid med den dyktige lokale arrangørstaben arrangerte rulleskirenn med ei sosial minisamling etterpå.
Trenerløftet
Husk ny søknadsfrist for første kull er 27. juni.
Åpen treningssamling på Osterøy
Osterøy IL inviterer juniorar til åpne treningsøkter fredag til søndag 25. - 27. juni. Juniorar i skikretsen er hjarteleg velkomne til å vere med på trening.
Bergsdalen Opp
Laurdag 19. juni blir det ein aktiv dag i Dale og Bergsdalen når Bergsdalen UL og Hordaland skikrets inviterer til rulleskirenn og treningsdag. Sjå program og påmeldingslink.
Aktiv vinter til tross for pandemi og kulde
65.000 barn og unge i 518 idrettslag landet rundt har i vinter deltatt i Telenor-karusellen, som regnes som det viktigste rekrutteringstiltaket i norsk vintersport.
Vårmøte langrenn
Langrennskomiteens vårmøte går laurdag 5. juni kl 10. Sjå saksliste og meld på via link.
Oppdatert aktivitetskalender langrenn - Hordaland
Flott hoppdag på Vikafjellet
Det vart ein super familiedag for hoppinteresserte, når Hopp og kombinertkomiteane i Hordaland og sogn og Fjordane inviterte til hopp - og skidag på Vikafjellet.
Medlems- og utøverundersøkelse
Hvordan beholde flest mulig, lengst mulig? Vi trenger innspill fra deg til å forme fremtidens skiidrett.
Open trening på Gullbotn
Gullfjell IL inviterer til dagsamling barmark for skihopping og kombinert i Gullfjellsbakken lørdag 29 mai kl 13. Passar for alle opp til 13 -14 år.
Invitasjon til familiedag hopp og kombinert
Hopp og kombinertkomiteane i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterer til familiedag på Vikafjell. Fagressursar frå NSF kjem også. Sjå invitasjon og meld dykk på.
Vel gjennomført Myrkdalsfart
Takknemlege alpinistar satte seg i bilen søndag, etter 3 dagar med fart til endes. Godt organisert fartssamling under strålande forhold med supert sportsleg utbyte var tilbakemeldingane. sjå bilete frå årets Myrkdalsfart.
Team ELON Vest
Styringsgruppa for Team Elon Vest har tatt ut 10 utøvere på Team Elon Vest sesongen 2021-2022.
Bilder Kretsmesterskap og fartssamling alpint
Fana IL laga eit flott Vestlandsmesterskap i Myrkdalen. Sjå bilder. Den 7. - 9. mai er det fartssamling på same stad. Hugs påmeldingsfrist 30. april.
Vestlandsmesterskap i alpint
Fana IL alpint inviterer til alpintrenn i Myrkdalen 24. og 25. april. Kretsmesterskap for U14 og U16. Sjå oppdatert sak med resultat!
Invitasjon til fartssamling i Myrkdalen
Voss alpin og Myrkdalen fjellandsby ynskjer velkomne til fartssamling for u12 og eldre 7. - 9. mai. Sjå invitasjon.
Skitinget 2021
Skitinget og fagmøter gjennomføres digitalt mellom 8.-12. juni.
Hopp og kombinertkomiteen inviterer til vårmøte
Hopp- og kombinertkomiteen i Hordaland skikrets inviterer til vårmøte i arenahuset Bavallen onsdag 14. april kl 18. Sjå saksliste.
Kretscupen i langrenn samanlagt
Årets Kretscup i langrenn oppdatert. Det vert ikkje noko Fanarenn slik regelverket er per i dag. Det betyr at dei 7 teljande renna er opptelt og me har ei samanlagtliste for sesongen.
Parkrennet og Vestlandske skistemna på Voss ski- og tursenter
Voss IL laga til to gode renn på Voss ski- og tursenter, når Parkrennet i friteknikk gjekk på laurdag og Vestlandske skistemna i klassisk gjekk på søndag.
Resultat Bavallsrennet 2021
Endeleg vart det kretsrenn i alpint! Det utsatte Bavallsrennet gjekk av stabelen med slålåm og storslalåm under strålande forhold i Bavallen i helga.
Startlister og oppdatert kretscup
Sjå startlister for helgas Parkrenn og Vestlandske skistemna. Også link til oppdatert samanlagtstilling for årets kretscup.
Bavallsrennet i alpint 20. - 21. mars
Det utsatte Bavallsrennet går til helga. For dei som har meldt seg på, så er påmeldinga frå forrige renn framleis registrert. Sjå meir informasjon om rennet.
Flott KM helg på Korlevoll
Gode snøforhold gjorde løypetilhøva nær perfekte og arrangøren IL Korlevoll - Odda gjennomførte to flotte renn med laurdagens renn i friteknikk og søndagens renn i klassisk teknikk lang løype. Sjå bilete, oversikt over kretsmeistrar og resultat frå helgas renn på gjestfrie Korlevoll.
Voss IL inviterer til Parkrennet og Vestlandske skistemna
Voss IL inviterer til to individuelle renn 20. og 21. mars. Påmeldingsfristen er forlenga til tysdag 16. mars kl 23.59. Det er oppretta ein smørjekohort på rennet også. Laurdagens
Oppdatert stilling i Kretscupen før KM på Korlevoll
Sjå oppdatert poengstilling i kretscupen før KM på Korlevoll. Arrangøren kan melde om gode forhold i anlegget, og alt ligg til rette for ei super langrennshelg i Hardanger.
Tertnesrennet avlyst
Tertnes alpin avlyser årets Tertnesrenn som følge av belastningane smittevernshensyna arrangør må ta for sine friviljuge og deltakarar frå eigen klubb.
Følg Anna Bryn Mørkeset under Junior VM i alpint
Junior VM i alpint er i gang for Anna Bryn Mørkeset. Under dagens Super G vart Anna nummer 16 og nest beste frå Norge. Følg med i dei komande dagane, når blant anna storslåm og slalåm står på programmet.
IL Korlevoll - Odda inviterer til KM i langrenn
IL Korlevoll - Odda inviterer til KM i langrenn laurdag 13. og søndag 14. mars. Idrettslaget melder om nok snø til å invitere til kjekke konkurransedagar på Korlevoll.
Spillemidler utstyr 2020
Det er nå klart for en ny søknadsrunde. Ordningen omfatter utstyr kjøpt i 2020 (med fakturadato i 2020).
Sjur Røthe solid under VM på ski
Sjur Røthe var nok skuffa etter at VM på ski i Oberstdorf endte utan medalje på Vossingen. To startar gav to 6. plassar på både 30 km med skibyte og 15 km friteknikk.
Avlysing av hopprenn
Det planlagte hopp- og kombinertrennet på Bulken 7. mars utgår grunna snømangel. Det terminfesta arrangementet på Framnes 27. mars er neste moglege renn.
Voss IL inviterer til langrenn
Sidan Kvammarennet beklagelegvis vart avlyst grunna snømangel, så har Voss IL nå kasta seg rundt og arrangerer Sparebankrennet søndag 7. mars kl 15, om tilhøva tillet dette.
Vel gjennomførte langrenn
Det vart eit flott renntilbod for langrennsløparane denne helga med renn både på Voss ski- og tursenter og på Totræna.
Bakkerekord og godt gjennomført NC hopp på Voss
Det vart hoppfest i Bavallen i helga, når NC senior og NM junior vart arrangert i ein strigla Nye Bavallen. Arrangøren gjorde ein strålande dugnadsinnsats for å klargjere bakken under dei krevjande føreforholda med mildver.
Oppdatert terminliste langrenn Hordaland
Langrennskomiteen har i lag med klubbane utarbeida nytt rennprogram. Sjå oppdatert terminliste for resten av langrennssesongen 2021.
SørVest Cup langrenn 2021
SørVest Cup i langrenn må dessverre avlyses i mars på grunn av gjeldende regler for arrangement i skiidretten. Det kan fortsatt bli et SørVest Norsk mesterskap i april.
Kretsrenn i langrenn til helga
Til helga startar me opp att med langrenn i Hordaland skikrets. IL Vargar og Samnanger IL inviterer til renn laurdag og søndag. Sjå invitasjonar og meld på.
FIS Voss med VM klare Anna Bryn Mørkeset
Det vert FIS renn på Voss mandag, tysdag og onsdag. På startstreken stiller blant anna Junior-VM uttatte Anna Bryn Mørkeset.
Endringar i restriksjonar opnar for kretsrenn
Frå og med 23. februar er det igjen tillatt med skirenn innanfor kretsen for barn og unge opp til 20 år. Nærare presiseringar og reglar for gjennomføring publiserast mandag 22. februar.
Oppdatert terminliste Alpint
Sjå siste oppdateringar på terminlista alpint for Hordaland skikrets. Arrangementa avheng av nasjonale og lokale smittevernstiltak og kan verte utsette eller avlyste om desse set begrensingar for gjennomføring.
Brev til helsetoppene
Norges Skiforbund har i dag sendt brev til helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør for Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, vedrørende skiidrettens behov for gjenåpning.
Vebjørn Turtveit til topps
Vossingen slo til med både siger å pallplass under helgas NC senior i langrenn i Førde. Sjå resultatliste frå helga med fleire Hordalandsløparar blant deltakarane.
Skikretsen roser kommunen for tilrettelegging av skimiljøet i Bergen.
Før måtte de reise til Voss, eller gå på rulleski langs trafikkert vei, men nå skal de endelig få sin egen rulleskibane i Bergensområde, nærmere bestemt på Stend.
Kretsrenn utsette til over helga 14. februar
Vidareføring av tiltaka til den 14. februar gjer at våre kretsrenn i alle greiner vert utsette inntil vidare. Komiteane og skikretsen kjem tilbake med meir informasjon rundt våre arrangement framover.
Nye datoar for alpintarrangement
Alpintkomiteen i Hordaland skikrets har rydda plass i terminlista slik at våre kretsrenn har fått nye datoar for å sikre at desse kan verta gjennomført. Sjå ny terminliste alpint - Hordaland.
Utsetting av kretsarrangement
I samband med dei nye retningslinjene som gjeld for skiidretten, så er vår aktivitet delvis nedstengt med tanke på kretsrenn og arrangement. Lokalaktiviteten i klubbane er difor den viktigaste bidragsytaren til våre medlemmer i denne perioden.
Kretscupen samanlagt
Etter helgas Viljarrenn er kretscupen oppdatert for klassane 13 år til 19/20 år. Sjå også resultat frå helgas renn med Ørnarstafetten som gjekk på Voss ski- og tursenter.
UTSETT! Samnanger og Bulken inviterer til langrenn
Samnanger IL og Bulken IL inviterer til klassisk langrenn på Totræna og langrenn i friteknikk på Dalane laurdag 23. januar og søndag 24. januar. Renna er desverre utsett grunna koronarestriksjonar for perioden gjeldande frå 20. januar. Nye datoar for desse renna kjem skikretsen tilbake til.
Trener I kurs i langrenn
Del 2 på trener 1 kurset går 23. - 24. januar på Kvam og Sjusete. Det er opent for dei dei som berre vil vere med på modulen vinter, og for dei som vil byrje trenerkurset nå og fullføre barmarksdelen til sommaren.
Oppdatert terminliste for hopp og kombinert 2021
Det er gjort nokre endringar på terminlista for hopp og kombinert. Sjå oppdatert versjon for vinterens hopp - og kombinertrenn.
Vellukka NC i Randonee på Voss
Vossarando og Viljar IL stod for eit vellukka NC i Randonee på Voss i helga. Vossingen Hans Inge Klette sikra heimesiger i konkurranse med fleire av dei beste i landet.
Skirenn og stafett på Voss
Til helga inviterer idrettslaga Viljar og Ørnar til langrenn på Voss ski- og tursenter. Det vert distanserenn på laurdag og stafett på søndag. Hugs påmeldingsfrist førehandspåmelding mandag 11. januar.
Fellesopplegg på SørVestCup
SørVest cup i langrenn for junior og senior startar på Hovden 23. - 24. januar. Skikretsen organiserer felles støtteapparat og overnatting. Meld frå om overnattingsbehov innan fredag 8. januar.
KM fart og fartssamling avlyst
Samlinga og fartsrenna 14. - 17. januar med Sogn og Fjordane skikrins og KM for Hordaland skikrets er AVLYST grunna smittervernstiltaka som er gjeldane fram til 18. januar. Me kjem tilbake til om det er aktuelt å flytte den gode samlinga til seinare i sesongen.
Samnangerrennet flytta til 23. januar
Samnangerrennet som skulle gått 10. januar er utsatt til laurdag 23. januar. Lite snø og vanskar med å flytte rennet geografisk gjer at ein utset rennet.
Resultat Røldalsrennet
Røldal IL starta det nye året med å invitere til langrenn i klassisk teknikk under strålande tilhøve på Korlevoll laurdag 2. januar. Over 170 deltakarar stilte til start.