Hopp til innhold

Økonomi

Alpinkomiteen har lagt til rette for nokre økonomiske ordningar for utøvarar i Sogn og Fjordane Skikrins. For refusjon av kostnadar må ein sende kvittering til krinsadministrasjonen per e-post: kennet.dvergedal@skiforbundet.no.

Startkontingent nasjonale renn alpint

Alpinkomiteen dekkjer startkontingenten ifbm. NM, jr. NM, Hovudlandsrenn og Landsfinale/ Telenorleikane. I tillegg får samtlege FIS-løparar i Sogn og Fjordane dekka startkontingent ifbm. fem FIS-renn pr. sesong.

Merk også at alpinkomiteen dekkjer heiskort for deltakarar på Hovudlandsrenn, Landsfinale/ Telenorleiekene, og BAMA alpinfestival. 

Skilisens alpint

Alpinkomiteen subsidierer kr. 2300,- for utøvarar i klassane U14 og U16 som kjøper heilårslisens alpint sesongen 2024/2025. Bakgrunnen for støtta er den kraftige prisauka av skilisens som vart gjort i framkant av sesongen. Denne ordninga vert vurdert på nytt i framkant av 2025/2026 sesongen.

Sjå elles meir informasjon om skilisens på skiforbundet sine nettsider: www.skiforbundet.no/fagportal/skilisens/

FIS-løparar

Alpinkomiteen ønskjer å støtte opp under FIS-løparar som satsar på alpinsporten og er gode rollemodellar for dei yngre løparane. Økonomisk støtte for FIS-løparane vert publisert på nettsidene til skikrinsen og formidla til aktive FIS-løparar når denne er klar. 

 

NIF-EPI01, 01